Toggle navigation × Menu
  • Bli med
  • Forside
  • Om
  • FAQ
  • Regler
  • Bli med
  • Forside
  • Om
  • FAQ
  • Regler
34

Vaktaren

Magni Dingsøyr posted in Vaktaren

56

Mitt tre planta min far i ca 1922 på garden Dingsøyr i Guddal i Sogn og Fjordane. Han gjekk på Framhaldsskulen og barna fekk plante to tre. Han valde alm og dei to trea vaks opp i tunet på garden. Det eine er no borte. Men sjølvaste almen står der så fager og vaktar gard og grunn.

Eg hugsar at far fortalde om treet og han var synleg stolt av det.

Eg elskar dette treet som har fulgt meg opp gjennom åra. Eg bur ikkje på garden no, men har det ofte i tankane. Eg har det som bilde på mi Facebook -side!

Tre betyr så mykje for meg. Krafta det har, klorofyllet, oksygenet, ly det gjev, skugge på varme dagar,vern mot støy, historiske hendingar som då kongen og kronprinsen står ved bjørka, ro i sjel og kropp, leikeplass for barn, grønkledd i vårstemning, knoppar som brest, kvelven av greiner som breier seg over jord og åker. Treets betydning er uvurderleg for alt levande vesen og vi må difor verne om det og alltid alltid ha det som ei rettesnor for vårt liv på jorda.

De mest populære historiene

Alle furuers mor

Mikkel Soya Bølstad | 24.02.2017.

To eiker

Kathleen Rani Hagen | 25.02.2017.

En veiviser til livets sørvendte lier

Benny Sætermo | 24.02.2017.

Våre voktere

Gunnar Gallis |

Jeg elsker dronninga!

Tor Strand | 14.02.2017.

Eika vegvesenet lot få stå i fred

Ronny Bru | 06.03.2017.
  • Adm. dir. og ansvarlig redaktør Espen Udland
  • Redaktør Tor Strand
  • Ad-serving powered by DoubleClick for Publishers
  • Gi oss tilbakemelding
  • Personvernpolicy
  • Kontakt
  • Annonseprodukter
  • Annonseweb
  • Om oss
Copyright © ABC Startsiden AS